Kortreist tur har òg ei meining

Eg har eit av dei finaste turområda i verda rett utanfor stova mi. Eg kan gå langt, og eg kan gå kort. Og ikkje så bratt. Som i kveld.

Godt med ein sti som viser veg.

 

Frå Torske bru gjekk turen til Knutsliøya, så vidare og opp bratta til Hoåsvegen og heim igjen. Med ein liten avstikkar om ein driftsveg frå Hoås og ned til det som tidlegare var barnehagen på Grøa. Siste halve kilometeren gjekk eg langs med Driva. Seks og ein halv kilometer totalt, ein stor times gange i sol og skugge. Stiar og kulturlandskap, gamle tufter etter busetnad, sau og ungdyr – og ei elv som renn forbi.

Idyll utan like.

 

Dette er rein og skjær idyll ein fredagskveld. Og eg var slett ikkje åleine. Eg helsa på to personar, såg to til, tala med tre sauer, såg nokre ungdyr og tok mange bilete. I oppoverbakke kjente eg at forma ikkje er den beste. Men eg kan skulde litt på våren. Nokre av oss blir litt tunge i pusten på denne tida.

Langt der oppe er Hoåasmannen

 

Når ein går slik som dette i eigne tankar, er det mykje rart som fer forbi, utan å feste seg. Det er eit godt teikn, meiner eg. At det ikkje festar seg. Langt der oppe kikar Hoåsmannen oppover dalen. Frå nokre vinklar ser du han godt, andre stader er han mest viska bort. Men; for oss som kjenner terrenget, veit vi når han er tydeleg, når profilen er klar og stolt mot himmelen. Det er ikkje mange som har menn forma i stein rundt seg, skapa av naturens eigne krefter. På Grøa klarar vi oss med andre ord utan bilethoggarar. Vi har naturen sjølv som hjelpar og kunstnar.

Gamle tufter.

 

I Knutsliøya er det tufter etter gamal busetnad. Eller; den er eigentleg ikkje så gamal, det ser berre slik ut. Men; ein kan sette seg nedpå og tenkje seg korleis det var der ein gong, når ungar sprang rundt hus og låve, og ein familie samla seg i stova om kvelden. Der nede ved Drivas bredder, ein stad der elva kan vere svert så mektig i vårløysinga. Du finn denne idyllen på andre sida av elva for overbygga på riksvegen. Rett ovanfor Grøa.

Skogen tek fyr…

 

Ein kan kjenne seg takknemleg slike kveldar. Når vårsola tek fyr i nysprungen skog, når syrinen er på sitt finaste, og når elva er på sitt mest leikne. Eg veit ikkje om ein kan tala om vårkåt elv, men ho ser mest slik ut. Ein tur i draumeland har starta kvelden, no har eg skreve det ned på nokre minutt. Medan sola fortsatt skin nede i dalen. Kanskje er det nokon som går tur der no? Eg trur det. Folk i Sunndal brukar dalen sin mykje, til turar i dalbotnen eller oppe i dei bratte sidene. I morgon tenkjer eg å gå litt brattare. Eller berre kløyve ved. Uansett blir dagen berre ei lang ventetid på den store fotballfinalen, der Liverpool spelar mot Real Madrid.

Driva fremst, Fossa der oppe, som kjem frå fjellet. 

 

Eg stolar på at Hoåsmannen passar på. Då vinn Liverpool. You never walk alone, heiter det.  

Ha ein god kveld!

 

Ole M

Landbruket synes godt på Grøa.

Fossa er kome ned frå fjellet.

Langs med Driva. Sjelefred.

Og til slutt: Det kan ikkje bli finare….

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s