Kjære husflidsvener!

e

Eg åleine med 60 husflidsdamer på Tredalsbakken. Ein kan bli nervøs av mindre.

Men; det skulle vise seg å bli reint så triveleg. Plassert mellom Bodil og bunadstilvirkar Ane Sofie Blindheimsvik frå Giske hadde eg lite å klage på. Og eg må seie det før eg går vidare: Finare tittel enn bunadstilvirkar har eg sjeldan eller aldri høyrt tal om. Ane Sofie driv butikk på Hareid, så om du skulle fare forbi, kan E-Design Hareid vera rette plassen for ein prat om bunadar – kjøp eller leige. Eller om du skal ha pynt, husflid og anna.

Årsaka til at eg sat der saman med all husflidsekspertisen var følgjande: Eg skulle halde festtale for årsmøtet til Møre og Romsdal husflidslag. Noko eg sa ja til med glede. Ikkje noko er meir gjevande enn å møte kreative folk i ein tradisjonsrik organisasjon. Så mellom forrett og hovudrett var det berre å kaste seg uti det. Med eit manus, som eg held meg til cirka 80 prosent. Her er det i alle fall. Dei 20 improviserte prosentane får høyre festlyden til.

 

SLIK VART DETTE LIVET TIL

Velkomen til Sunndal. Denne fine staden på jorda med dei høge fjella og finaste dalene, der elva glitrar i dalbotnen og fjorden tek oss med utover til resten av verda.

Finaste Sunndal og Nordmøre.

 

Litt over 7000 personar på denne planeten har funne det lurt å busetje seg akkurat her. Det moderne Sunndal fekk sin spede start i 1913 med kraftutbygginga. Det året vart den første konsesjonsavtalen skreve. Folk kom frå alle kantar av landet for å arbeide her. I 1954 opna aluminiumsverket. Bondesamfunnet endra karakter. Eit stort industrisamfunn voks fram. Folk frå heile Norge kom hit. Og ikkje minst frå nabokommunane. Ei tid gjekk det til dømes arbeidsbuss til og frå Valsøyfjorden kvar helg.

Sunndal blomstra saman med aluminiumen.

Den meste kjende innvadraren til bygda, Lady Arbuthott

 

Allereie tidleg på 60-talet fekk Sunndal kjøpesenter. Eit av dei første i Norge. Dette var så å seie akkurat hundre år etter at den mest kjende innvandraren kom til Sunndal, Barbara Arbuthnott. Ho kom hit første gongen i 1866, på bryllupsreise med sin tredje ektemann, William. To år seinare busette dei seg her. Dette vart eit liv utan like, med kjærleik, svik, draumar og pengar – som det til slutt vart altfor lite av. I 1892 gjekk Barbara konkurs. Eigedomen Elverhøi gjekk under hammaren. I takksemd bygde bygdafolket ein ny bustad, Einabu. Der levde ho fram til ho døydde i 1904. Alt dette er framifrå beskreve i musikkspelet «Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy». Det hadde premiere i juni 1996. Fortsatt dreg det ti samfulle hus kvar vår i Sunndal kulturhus, og er det amatørteateret som har gått lengst samanhengande i Norge.

Barbara er gravlagt på Løykja. Likeså sonen James. Difor er historia så nær oss. Så sterk. Der ligg ho. Det var eit liv. Eit ekte liv. Difor tørkar vi ein tåre kvar vår. Og let oss begeistre. I beundring og takksemd til dronnginga av Sunndal, Barbara Arbuthnott.

Frå musikkspelet «Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy»

 

Det fargerike samfunnet er ein del av oss. Frå Ladyen på 1800-talet via kraftutbygginga og etableringa av Verket, til opninga av Sunndal asylmottak i 1988. Det fleirkulturelle er ein del av identiteten vår, noko vi er stolte av. I fjor haust vart det vedteke å leggje ned mottaket. Underleg nok. Sidan det ofte vart omtala som eit mønsterbruk. No er det slutt, og bebuarane er spreidd rundt om i Norge. Teke bort frå lokalsamfunnet mange av dei var ein del av. Her gjekk dei på skule, var trygge. Fleire såg for seg ei framtid her. Slik skulle det ikkje bli.

Dette får vere den politiske delen av talen. Men den er viktig å ha med. Sjølv på ein festkveld.

Sunndal har ei rikt lagsliv med mange frivillige organisasjonar. Desse folka er limet i lokalsamfunnet vårt. Det som gjev kvardagane meining. I skyttarlag, mållag, 4H, songkor, bygdekvinnelag, grendalag, husflidslag og fotballag. Da vil eg nytte anledninga til å skryte av Sunndal husflidslag. Vi møter mange med tankar og idear i løpet av eit år, som har draumar og tru. Men sjeldan nokon som vil så mykje som det lokale husflidslaget. Dei er ikkje redde for noko, er positive og konstruktive i debatten. Difor sit dei i dag med sitt eige hus midt i sentrum. Fordi dei noko vil. Vi byråkratane blir lett sjarmert av slik energi og vilje til framsteg.

Fargerike husflidsdamer samla til festmiddag

 

Kva er så husflid? Eg har sjølv vokse opp med ulik husflidsproduksjon ikring meg. Frå ein oldefar som snikra møblar til hus og heim, – med ei tante som dreiv husflidsbutikkken i fleire tiår, til ei bestemor som sat alle kvelder (og netter) og broderte små kunstverk med tynn lintråd. Ferdig vare leverte ho til Husfliden i Kristiansund. Mønstra hadde ho etter mor si, som levde på 1800-talet. Og heile denne skattekista av mønster – inkludert vareprøvar sydd på grov lin – ga ho til slutt bort til Husfliden i Kristiansund. Altså talar vi om ein arv som vart sikra for framtida.

Dette heilt i tråd med den forklaringa på «husflid» som eg finn på wikipedia. Der står det: Ordet husflid brukes i dagligtale oftest om produksjon og produkt utført med dei gamle teknikkane som har gått i arv frå bondesamfunnets sjølbergingsøkonomi. Vidare: I dag kan vi seie at husflid knytar saman tradisjon, håndverksteknikkar, materialforståelse, estetikk, kvalitet og skaparglede.

Da vil eg leggje til: Ikkje minst det siste. Skapargleda. Gleda over å få til noko, sjå at mønster og små kunstverk blir til. Fellesskapet som blir til når ein deler kunnskap. Og heldigvis kan dette gå i arv. Mange unge føler i dag på at dette er ein del av identiteten deira, at ein del av historia deira er knytt til juleløparar, skuvsenger, eit broderi på veggen eller eit nordmøsåkle. Det er noko trygt med tradisjonar og husflid som går i arv. Da blir ein mint på kor ein kjem i frå.

Bodil på butikken sin, Tante Bodil.

 

Eg bur saman med ei som brenn for strikking og husflid. Ei som strikkar i søvne. Ei som drøymer om mønster og nye moglegheiter. Ei som hoppa av ein trygg jobb for å følgje draumen. Ei som du kan stille eit spørsmål på Dombås og få svar på Otta. Fordi ho er oppteken med strikking. Og sine tankar. Eg har vorte vant til det. At ein dialog kan ta nokre dagar. Nokre mil. Vi held ofte på med kvart vårt. Men møtest i det som er viktig for oss båe to. Barnebarn og draumen om Liverpool, anna familie og ein god heim.

Draumen om Liverpool. Aud Marie og Bodil saman med Fab Four.

 

Så; kven er eg. Ein annan innvandrar til Sunndal. Frå Surnadal. Tidlegare journalist, bonde og musikar. Eg kom ikkje til Sunndal på grunn av kjærleiken. Men på grunn av ei avis. Driva. Der eg var journalist, redaktør og seinare dagleg leiar. Alt dette i ein periode frå 1993 til 2008.

Og inni der ein stad kom kjærleiken….

Her voks eg opp. Kvennbø i Surnadal.

 

Noko av den respekten eg i dag føler for husflid og tradisjonar, for verdien av kulturvern og tilhørigheit, trur eg kan skrive seg frå følgjande:

Eg voks opp i ei grend tufta på gardsdrift og organisasjonsliv, der tradisjonane, husfliden, krøttera, bibelversa og originalane gjekk hand i hand. I nabolaget budde ein gitarmakar og ein urmakar, ikkje langt unna hadde skreddaren, målaren og snikkaren husvære saman med familiane sine. Og skulle det bli behov for eit gudsord, var det god råd for det. Og ute i gardstunet sto mjølkerampen, sjølvaste samlingsstaden i grenda, der sterke meiningar vart ytra og timar bruka på venting på ein mjølkebil som ikkje alltid kom til rette tida.

Denne mjølkerampen var datidas facebook, staden for oppdateringar og «likes», krasse kommentarar og deling av meiningar ein tykte var av betydning. Ein stor forskjell var at mjøkerampen kunne krevje sin mann, ein kom seg ikkje unna med berre eit tastetrykk. Livet var auge til auge, mann mot mann – ikkje i cyberspace. Delete-knappen var enno ikkje oppfunnen.

Den gamle gitaren, laga av gitarmakar Johannes.

 

I stua kunne det vere foreining når vi kom heim frå skulen. Indremisjon eller samemisjon – kanskje anna misjon. Allsongen let, og gitaren frå gitarmakaren fann sin plass med sine faste akkordar i d-dur. I Eidet songlag gjekk alt i d-dur. Ein åndeleg d-dur framført med fast og rytmisk fingerspel. Oftast i 4/4-dels takt. Det var salig stund utan like. Stairway to heaven. Nærast høgtid, og eit etterlengta friminutt for dei travle gardkjerringene. For snart måtte dei dra. Heime kunne det sitje ein svolten kar som ikkje kjente vegen til brødboksen, ein svolten kar som rett og slett var hjelpelaus utan kona si. Det visste ho sjølvsagt. Likevel let ho han få vere sjefen i huset. Dette skulle endre seg først nokre år seinare, inne på 70-talet.

I dag er eg ein temmeleg frigjort mann med eigen etasje i huset vårt. Med tusenvis av vinylplater, gitarar, piano og ikkje minst : klokkestrengar. Trur eg har 27 slike på veggane i kjellaren. Alt fordi handarbeidslæraren min i 6. klasse fekk meg til å tru at eg kunne laga ein klokkestreng. Eg gjekk til oppgåva med all muleg tru. Sat ute i stua til bestemor Berta med handarbeidet kvar kveld. «Kva skal det bli av den guten?» tenkte nok far min. Men han var trekkspelar og ein liten kunstar sjølv. Så han var nok ikkje særleg bekymra. Tida gjekk. Og mellom øvingar med gitaren og turar på ski vart klokkestrengen til. Og resultatet vart bra.

Berre sjå!

Klokkestrengen min til venstre. Den andre er bestemor Berta sin.

Eg håpar alle får ein fin kveld. Om nokon vil ha mønsteret til klokkestrengen, kan det sendast på epost. Takk for meg.

Ole M

Fin klokkestreng. Fikk den i gåve frå husflidslaget.

Her i kjellaren bestemmer eg…. Ein del av samlinga.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s